Renholdsoperatørfaget – teorikurs til fagprøven
Kurs ID: 502813
Oppstart
tirsdag 29. august 2023
Slutter
tirsdag 14. mai 2024
Tidsrom
Kl.17:00 - 21:00Påmeldingsfrist
tirsdag 15. august 2023
Pris
27400,-Timeantall
Totalt: 120
Timer med foreleser: 120
Undervisningsform
KlasseromInformasjon
Har du jobbet lenge innen renhold, men mangler formell dokumentasjon på kompetansen din?
FAGBREV GIR MANGE FORDELER
· Du får et håndfast bevis på din kunnskap
· Fagbrev skaper trygghet for arbeidstakere og arbeidsgivere
· Du står tryggere i omstillingsprosesser
· Du kan få mer ansvar på arbeidsplassen
· Med økt kompetanse stiller du sterkere i arbeidsmarkedet
· Et fagbrev kan også medføre noe høyere lønn
· Du vil få mulighet til videre studier i faget
Dette kurset er etter ny læreplan L20.
Opplæringen retter seg mot voksne som ønsker å utdanne seg til renholdsoperatør.
Det er ingen krav til forkunnskaper for kurset, men det er en fordel om deltakeren har nærmere 3-5 års erfaring fra yrket. Språknivået til deltakeren bør tilsvare B1 (CEFR) eller høyere.
Voksne som ønsker å melde seg opp til fagprøven må dokumentere minimum 5 års relevant, godkjent praksis og bestått tverrfaglig teoretisk eksamen i faget, før fagprøven kan avlegges. Fagopplæringskontoret i fylkeskommunen godkjenner praksis.
Reinhaldsplanlegging
Kjerneelementet reinhaldsplanlegging handlar om å bruke ulike planleggingssystem i bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Kjerneelementet handlar om å analysere reinhaldsbehov, planleggje kostnadseffektivt reinhald og dokumentere det utførte arbeidet. Vidare handlar reinhaldsplanlegging om å vurdere eigenskapar, tilstandar og bruksområde for overflater og reinhaldsobjekt. Kjerneelementet handlar òg om å sikre dei kritiske suksessfaktorane i reinhaldsleveransen og tilfredsstille krava i ein tenestenivåavtale.
Reinhald
Kjerneelementet reinhald handlar om å halde overflater reine og sikre livssyklusen til overflatene i samsvar med gitte kvalitetskriterium. Kjerneelementet handlar om regelmessig reinhald, periodisk reinhald og spesialreinhald i ulike typar bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Å kritisk vurdere det gjennomførte arbeidet og kvalitetssikre reinhaldsleveransen er òg ein del av kjerneelementet.
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og forhindre situasjonar som utgjer ein fare for liv og helse i reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel. Det inneber òg å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre sikker jobb-analyse. Vidare handlar kjerneelementet om å bruke utstyr og maskiner i samsvar med gjeldande regelverk og å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Kollegialt samarbeid om berekraftige og miljøvennlege løysingar er òg ein del av kjerneelementet.
https://www.udir.no/lk20/rof03-01/kompetansemaal-og-vurdering/kv319
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne:
planleggje reinhald av bygg, anlegg, installasjonar og transportmiddel arbeidet etter teikningar og beskrivingar ved bruk av ulike planleggingsverktøy, arbeide i samsvar med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og reflektere over konsekvensane ved å ikkje følgje krava
utarbeide arbeidsplaner, bestille og motta utstyr og kjemikalie og kontrollere kvalitet og mengde i tråd med arbeidsoppgåva
risikovurdere metodar, kjemikalium og utstyr, gjere greie for korleis arbeidsoppgåvane påverkar kostnadseffektivitet, materiale og ytre miljø, og reflektere over feilhandtering
gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og halde ved like maskiner og utstyr
gjere greie for og nytte kvalitetssikringssystem, arbeide etter fastsette kvalitetskrav og dokumentere eige arbeid
fastsettje og bedøme reinhaldskvalitet i tråd med gjeldande standarder og kvalitetssystem
arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i reinhaldsoperatørfaget, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og reflektere over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, handtere helsefarlege kjemikalium og spesialavfall og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av arbeidsbelastningar og skadeforebyggjande tiltak
arbeide i tråd med berekraftige og miljømessige prinsipp og reflektere over konsekvensar av støveksponering og bruk av kjemikalium
velje og bruke verne- og smittevernutstyr for arbeidsoppgåva og vurdere konsekvensane ved feilbruk
gjere greie for ulike overflatemateriale og vurdere korleis reinhaldsmetodar og reinhaldsmiddel påverkar overflatene
velje og bruke maskiner, utstyr og metodar etter reinhaldsbehov og vurdere dette opp mot kostnadseffektivitet, tidsbruk og miljøbelastning
utarbeide reinhaldsplanar, arbeidsplanar og arbeidsbeskrivingar og reflektere over val av frekvens, kvalitet og metode
bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
vurdere smitterisiko, arbeide i samsvar med gjeldande regelverk for smittevern og gjere greie for smittespreiing og korleis smittekjeder kan brytast
utføre regelmessig og periodisk reinhald av ulike overflater på inventar, vegger, golv og himlingar i kjende og ukjende situasjonar, i tråd med kvalitetskrav og sikre innemiljøet
utføre reinhald i ulike fasar av byggjeperioden etter gjeldande regelverk og vurdere korleis dei ulike fasane påverkar valet av reinhaldsutstyr og arbeidsmetodar
identifisere ulike typar smuss, gjere greie for og bruke ulike kjemikalium for å fjerne smuss og utføre reinhald
gjere greie for ulike typar fasadereinhald
utføre grunnleggjande førstehjelp
Undervisningen gjennomføres i tradisjonelt klasserom med lærer.
5 timers skriftlig teoretisk eksamen gjennomføres hos din fylkeskommune.
Ved bestått teoretisk eksamen og dokumentasjon for 5 års relevant arbeidspraksis vil du kunne melde deg opp til den praktiske fagprøven (Fagprøven).
Ved bestått teoretisk eksamen, dokumentert 5 års relevant arbeidspraksis og bestått praktisk fagprøve får du ditt fagbrev.
Studiet er godkjent av Lånekassen.
Dersom du er medlem i en fagforening vil du i mange tilfeller kunne søke om stipend til utdanning.
En del fagforeninger gir stipend gjennom LOs Utdanningsfond.
Stipendsatsen for teori til fagbrev kurs for praksiskandidater hos LOs utdanningsfond er for tiden kr. 10 500,-.
https://www.lo.no/hva-vi-gjor/los-utdanningsfond/nyheter-utdanningsfondet/sok-om-stotte/
Har du ikke rettigheter i LOs utdanningsfond har blant annet Fagforbundet og Handel og kontor egne stipendordninger. Ta kontakt med din fagforening for å få mer informasjon om dine muligheter.