Teori til fagprøven

Fagbrev - Renholdsoperatør - skypebasert - Bergen - 2020

Kurs-id: 339728
Sted: Internett/Skype
Timetall: 108
Kursstart Info: 21.02.2020 - 20.11.2020
Klokkeslett: 01:00 - 23:00
Påmeldingsfrist:
Pris: kr 22 500,- + kursmateriell og eksamensavgift
Kontaktperson: Wenche Lien Fotland
E-post: wenche.lien.fotland@aof.no
Telefon: 55 30 90 50
Mobil: 412 016 89
Status: Åpent for påmelding
Gå til påmelding

Informasjon

Bli reinhaldsoperatør - ta fagbrev som vaksen!

Noreg treng fagarbeidarar innan reinhald. Bruk av riktige kjemikalium, godt inneklima og hensiktsmessig reingjering krev riktig kompetanse. Har du mykje arbeidserfaring innan reinhald, men manglar papir på kunnskapane dine? Då er fagbrev som reinhaldsoperatør noko for deg!

MÅLGRUPPE
Utdanninga er retta mot vaksne med arbeidserfaring innan fagfeltet reinhald og som ønskjer formell dokumentasjon på sin kunnskap og kompetanse ved å ta fagbrev som privatist.

MÅL MED OPPLÆRINGA
Føremålet med opplæringa er å førebu deg til den teoretiske eksamenen som er eitt av tre krav for å få fagbrev. Gjennom tett dialog og oppfølging med rettleiar/lærar, skal du som deltek få den kunnskapen du treng for å bestå den teoretiske eksamenen. Når du har bestått eksamen i teoridelen til fagbrevet i Reinhaldsoperatørfaget og relevant praksis er godkjent av Fagopplæringskontoret i Sogn og Fjordane, kan den praktiske fagprøva gjennomførast.

INNHALD
Undervisninga gjer opplæring i sentrale tema som:

  • reingjering og vedlikehald av veggar, tak, inventar og golv
  • val og bruk av riktige kjemikalium
  • val av hensiktsmessige metodar for reingjering og bruk av maskiner og utstyr i arbeidet
  • service, kundebehandling og kommunikasjon
  • arbeid med inneklima og hygiene
  • kalkulasjon og planlegging, bruk av IKT-verktøy

ORGANISERING
Opplæringa er tilrettelagt for vaksne som har allsidig praksis i faget. Undervisninga vil gjennomførast i form av live videobasert undervisning éin dag i veka via Skype. Deltakarane kan følgja undervisninga og sjå og kommunisera med læraren der dei er. I tillegg vil læringsplattforma ACampus nyttast. Her vil det bli lagt ut viktig informasjon, fagstoff, nyttige lenkjer og oppgåver. Deltakaren kan gjere innleveringar og få tilbakemeldingar, og lærar og administrasjon kan kommunisere med deltakarane via ACampus sitt integrerte e-post- og chatteprogram.

Deltakarar som har mogelegheit til det, oppfordrast til å følgja undervisninga samla i grupper. Dette gjer det mogeleg å gjennomføre gruppearbeid som bidrar til erfaringsutvekslingar og refleksjonar innan i gruppa.

Det vil i tillegg til innleveringar av oppgåver bli gjennomført ein prøveeksamen med karaktervurdering og skriftleg tilbakemelding.

EKSAMEN
Kurset vert avslutta med ein 5 timars skriftleg tverrfagleg eksamen, som dekkjer teorikravet til fagprøva. Eksamenen vert avlagt som privatist hjå Vestland fylkeskommune i november 2020. Oppmelding til eksamen gjerast på www.privatistweb.no 
Ved bestått eksamen og 5 års variert praksis frå yrket kan du avleggje den praktiske fagprøva.

FINANSIERING

Du finn søkjeskjema blant anna på desse nettsidene: Fagforbundet og  LOs Utdanningsfond

Ta kontakt med di fagforeining for å få meir informasjon. Er du organisert i ei anna fagforeining eller har spørsmål, kan du kontakte oss for mair informasjon om dine mogelegheiter for stipend. 



Gå til påmelding
Del kurset på sosiale medier: