Teori til fagprøven

Renholdsoperatør - Sogn og Fjordane- Fagbrev

Kurs-id: 275303
Sted: Strandgaten 197
Timetall: 108
Kursstart Info: 01.03.2019 - 22.11.2019 (fredager)
Klokkeslett: 10:00 - 14:00
Påmeldingsfrist:
Pris: kr 22 500 + materiell
Kontaktperson: Wenche Lien Fotland
E-post: wenche.lien.fotland@aof.no
Mobil: 412 016 89
Status: Åpent for påmelding
Gå til påmelding

Informasjon

Bli reinhaldsoperatør - ta fagbrev som vaksen!

Noreg treng fagarbeidarar innan reinhald. Bruk av riktige kjemikalium, godt inneklima og hensiktsmessig reingjering krev riktig kompetanse. Har du mykje arbeidserfaring innan reinhald, men manglar papir på kunnskapane dine? Då er fagbrev som reinhaldsoperatør noko for deg!

MÅLGRUPPE
Utdanninga er retta mot vaksne med arbeidserfaring innan fagfeltet reinhald og som ønskjer formell dokumentasjon på sin kunnskap og kompetanse ved å ta fagbrev som privatist.

MÅL MED OPPLÆRINGA
Føremålet med opplæringa er å førebu deg til den teoretiske eksamenen som er eitt av tre krav for å få fagbrev. Gjennom tett dialog og oppfølging med rettleiar/lærar, skal du som deltek få den kunnskapen du treng for å bestå den teoretiske eksamenen. Når du har bestått eksamen i teoridelen til fagbrevet i Reinhaldsoperatørfaget og relevant praksis er godkjent av Fagopplæringskontoret i Sogn og Fjordane, kan den praktiske fagprøva gjennomførast.

INNHALD
Undervisninga gjer opplæring i sentrale tema som:

  • reingjering og vedlikehald av veggar, tak, inventar og golv
  • val og bruk av riktige kjemikalium
  • val av hensiktsmessige metodar for reingjering og bruk av maskiner og utstyr i arbeidet
  • service, kundebehandling og kommunikasjon
  • arbeid med inneklima og hygiene
  • kalkulasjon og planlegging, bruk av IKT-verktøy

ORGANISERING
Opplæringa er tilrettelagt for vaksne som har allsidig praksis i faget. Undervisninga vil gjennomførast i form av live videobasert undervisning éin dag i veka via Skype. Deltakarane kan følgja undervisninga og sjå og kommunisera med læraren der dei er. I tillegg vil læringsplattforma ACampus nyttast. Her vil det bli lagt ut viktig informasjon, fagstoff, nyttige lenkjer og oppgåver. Deltakaren kan gjere innleveringar og få tilbakemeldingar, og lærar og administrasjon kan kommunisere med deltakarane via ACampus sitt integrerte e-post- og chatteprogram.

Deltakarar som har mogelegheit til det, oppfordrast til å følgja undervisninga samla i grupper. Dette gjer det mogeleg å gjennomføre gruppearbeid som bidrar til erfaringsutvekslingar og refleksjonar innan i gruppa.

I tillegg til videobasert undervisning vil det leggjast opp til éin eller to samlingar på slutten av opplæringsperioden. Det vil då bli arbeid med eksamensførebuande oppgåver og deltakarane kan ta opp utfordringar og spørsmål knytt til dette.

Det vil i tillegg til innleveringar av oppgåver bli gjennomført ein prøveeksamen med karaktervurdering og skriftleg tilbakemelding.

Planlagt oppstart av kurset er endra til 1. mars 2019. Tidspunktet for undervisninga er sett til
fredagar kl. 10.00 - 14.00.

EKSAMEN
Kurset vert avslutta med ein 5 timars skriftleg tverrfagleg eksamen, som dekkjer teorikravet til fagprøva. Eksamenen vert avlagt som privatist hjå Sogn og Fjordane Fylkeskommune i juni 2019. Oppmelding til eksamen gjerast på www.privatistweb.no 
Ved bestått eksamen og 5 års variert praksis frå yrket kan du avleggje den praktiske fagprøva.

FINANSIERING
LO-organiserte kan søkja stipend. Klikk: FagforbundetHandel og Kontor, LO sitt Utdanningsfond. Er du organisert i ei anna fagforeining t.d. Delta vil du også kunna søkja stipend her. Har du spørsmål, kan du kontakta oss for nærare informasjon om dine mogelegheiter for stipend. Ta kontakt med di fagforeining for å få meir informasjon. AOF hjelper gjerne med søknaden.



Gå til påmelding
Del kurset på sosiale medier: