Teori til fagprøven

Byggdrifterfaget - fagbrev - Sogn og Fjordane

Kurs-id: 318747
Sted: Strandgaten 197
Timetall: 120
Kursstart Info: 10.09.2019 (tirsdager)
Klokkeslett: 17:00 - 21:00
Påmeldingsfrist:
Pris: kr 24 500,-
Antall dager: 30
Kontaktperson: Christian Kronen
E-post: christian.kronen@aof.no
Telefon: 979 83 764
Mobil: 979 83 764
Status: Åpent for påmelding
Gå til påmelding

Informasjon

Ønskjer du fagbrev som Byggdrifter?

Har du lang praksis som vaktmeister eller arbeid frå drift og vedlikehald av bygg?  Ønskjer du å friske opp kunnskapen din på området og få fagbrev? 

Med fagbrev har du fleire mogelegheiter, du kan få meir ansvar og høgere løn.

MÅLGRUPPE
Utdanninga er retta mot vaksne med arbeidserfaring innan drift og vedlikehald av bygningar og anlegg og som ønsker formell dokumentasjon på sin kunnskap og kompetanse ved å ta fagbrev i Byggdrifterfaget.

MÅL MED OPPLÆRINGEN
Formålet med opplæringa er å forberede deg som praksiskandidat til den teoretiske eksamen som er eit av tre krav for å få fagbrev. Gjennom tett dialog og oppfølging av lærer og administrasjon i AOF skal du som deltar få den kunnskapen du trenger for å bestå den teoretiske eksamen.

Når du har bestått eksamen i teoridelen til fagbrevet i Byggdrifterfaget og relevant og allsidig praksis er godkjent av opplæringskontoret i Sogn og Fjordane, kan den praktiske fagprøven gjennomførast. 

INNHOLD
En Byggdrifter arbeider med drift og vedlikehald av bygningar og anlegg.  Dagens bygningar er så komplekse og samansette, med mange system integrert i kvarandre, at det krevs fagfolk med spisskompetanse for å ivareta dette arbeidet.

Ein Byggdrifter skal drive eit bygg optimalt i forhold til brukaranes og eigarars interesse. Byggdrifter vil være en ressurs for brukarar av bygningen med kunnskapar om sunn bedrift, HMS arbeidet, miljø og energiøkonomisering.  Gode ferdigheiter innan service kommunikasjon vil være sentrale eigenskapar hos en Byggdrifter.

Opplæringa skal bidra til å utvikle kompetanse innan de to programområda:

  • Drift og vedlikehald
  • Bransjelære

ORGANISERING
Opplæringa er tilrettelagt for vaksne som har allsidig praksis i faget. Undervisninga vil gjennomførast i form av live videobasert undervisning éin dag i veka via Skype. Dette krevst ingen spesielle datakunnskapar. 

Deltakarane kan følgja undervisninga og sjå og kommunisera med læraren der dei er. I tillegg vil læringsplattforma ACampus nyttast. Her vil det bli lagt ut viktig informasjon, fagstoff, nyttige lenkjer og oppgåver. Deltakaren kan gjere innleveringar og få tilbakemeldingar, og lærar og administrasjon kan kommunisere med deltakarane via ACampus sitt integrerte e-post- og chatteprogram.

Deltakarar som har mogelegheit til det, oppfordrast til å følgja undervisninga samla i grupper. Dette gjer det mogeleg å gjennomføre gruppearbeid som bidrar til erfaringsutvekslingar og refleksjonar innan i gruppa.

I siste halvdel av opplæringa  vil det bli arbeid med eksamensførebuande oppgåver. Deltakarane vil få eksempel på eksamensoppgåver, arbeide med desse og levere for vurdering til lærar.

EKSAMEN
Opplæringa avsluttast med ein 5 timars skriftleg tverrfagleg eksamen, som dekker teorikravet til fagprøven. Eksamen anleggjast som privatist hos Hordaland Fylkeskommune i desember 2019. Oppmelding til eksamen gjennomførast på www.privatistweb.no .

Ved bestått eksamen og 5 års variert praksis frå yrket kan du avleggje den praktiske fagprøven.

FINANSIERING
LO organiserte kan søke stipend. Klikk: FagforbundetHandel og Kontor, LOs Utdanningsfond. Er du organisert i en annan fagforeining eller har spørsmål, kan du kontakte oss for nærmare informasjon om dine moglegheiter for stipend. Ta kontakt med din fagforeining for å få meir informasjon. Vi hjelper gjerne med søknaden.



Gå til påmelding
Del kurset på sosiale medier: