Vertskap og service
Kjerneelementet vertskap og service handlar om å skape lojalitet og gode totalopplevingar i møte med kundar og gjester. Det handlar òg om å tilpasse vertskapsrolla til ulike lokasjonar og arbeidsføresetnader. Kjerneelementet handlar vidare om historieforteljing, produktkunnskap og innsal av tilbod. I dette ligg det å tilpasse formidling og kommunikasjon til gjester og kundar frå ulike kulturar.
Drift av reiselivsprodukt
Kjerneelementet drift av reiselivsprodukt handlar om å utvikle og distribuere konkurransedyktige produkt lokalt eller globalt i samarbeid med aktørar innanfor det heilskaplege reiselivsproduktet. Vidare handlar det om å forstå inntekts- og kostnadsfaktorane og korleis desse påverkar drift, tilbod og prising av ulike produkt. Kjerneelementet handlar òg om å utnytte ressursar effektivt og ansvarleg for å sikre meirverdi og berekraft i verksemda. Vidare handlar det om å følgje relevante lovverk og etiske retningslinjer for å bidra til gode kundeopplevingar og eit godt arbeidsmiljø.
Reiseliv i utvikling
Kjerneelementet reiseliv i utvikling handlar om innovasjon gjennom omstillingsprosessar og vidareutvikling og om å skape unike, berekraftige og heilskaplege opplevingar. Det inneber å forstå trendar, utviklingstrekk og globale utfordringar som reiselivsnæringa står overfor, og korleis denne kunnskapen kan anvendast i drift og vidareutvikling av verksemda.