Matematikk 2P
Kurs ID: 501095
Pris
5190,-Timeantall
Totalt: 60
Timer online: 60
Undervisningsform
NettkursInformasjon
Matematikk 1P + 2P gir deg generell studiekompetanse og er praktisk rettet.
Voksne som ønsker generell studiekompetanse eller voksne/ungdom som ønsker å forbedre karakterer fra videregående skole.
Sammen gir matematikk 1P og matematikk 2P generell studiekompetanse i matematikk.
Fullført matematikk 1P, eventuelt matematikk 1T.
Du bør også ha kjennskap til Excel.
Kursdeltaker skal gjennom opplæringen heve sin kompetanse for å kunne avlegge eksamen i faget.
Kjerneelement i Matematikk 2P
Utforsking og problemløysing
Utforsking i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne leiter etter mønster, finn samanhengar og diskuterer seg fram til ei felles forståing. Kursdeltakerne skal leggje meir vekt på strategiane og framgangsmåtane enn på løysingane. Problemløysing i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne utviklar ein metode for å løyse eit problem dei ikkje kjenner frå før. Algoritmisk tenking er viktig i prosessen med å utvikle strategiar og framgangsmåtar for å løyse problem og inneber å bryte ned eit problem i delproblem som kan løysast systematisk. Vidare inneber det å vurdere om delproblema best kan løysast med eller utan digitale verktøy. Problemløysing handlar òg om å analysere og forme om kjende og ukjende problem, løyse dei og vurdere om løysingane er gyldige.
Modellering og anvendingar
Ein modell i matematikk 2P er ei beskriving av verkelegheita i matematisk språk. Kursdeltakerne skal ha innsikt i korleis modellar i matematikk blir brukte for å beskrive dagleglivet, arbeidslivet og samfunnet elles. Modellering i matematikk 2P handlar om å lage slike modellar. Det handlar òg om å kritisk vurdere om modellane er gyldige, og kva avgrensingar dei har, vurdere modellane i lys av dei opphavlege situasjonane og vurdere om dei kan brukast i andre situasjonar. Anvendingar i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne skal få innsikt i korleis dei skal bruke matematikk i ulike situasjonar, både i og utanfor faget.
Resonnering og argumentasjon
Resonnering i matematikk 2P handlar om å kunne følgje, vurdere og forstå matematiske tankerekkjer. Det inneber at kursdeltakerne skal forstå at matematiske reglar og resultat ikkje er tilfeldige, men har klare grunngivingar. Kursdeltakerne skal utforme eigne resonnement både for å forstå og for å løyse problem. Argumentasjon i matematikk 2P handlar om at elevane grunngir framgangsmåtar, resonnement og løysingar og beviser at desse er gyldige.
Representasjon og kommunikasjon
Representasjonar i matematikk 2P er måtar å uttrykkje matematiske omgrep, samanhengar og problem på. Representasjonar kan vere konkrete, kontekstuelle, visuelle, verbale og symbolske. Kommunikasjon i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne bruker matematisk språk i samtalar, argumentasjon og resonnement. Kursdeltakerne må få høve til å bruke matematiske representasjonar i ulike samanhengar gjennom eigne erfaringar og matematiske samtalar. Kursdeltakerne må få høve til å forklare og grunngi val av representasjonsform. Kursdeltakerne må kunne omsetje mellom matematiske representasjonar og daglegspråket og veksle mellom ulike representasjonar.
Abstraksjon og generalisering
Abstraksjon i matematikk 2P handlar om å bruke eit formelt symbolspråk og formelle resonnement. Generalisering i matematikk 2P handlar om at kursdeltakerne oppdagar samanhengar og strukturar og ikkje blir presenterte for ei ferdig løysing. kursdeltakerne må få høve til å utforske omgrep og symbol for å kunne uttrykkje resultat og samanhengar ved bruk av algebra og formålstenlege representasjonar.
Matematiske kunnskapsområde
Kunnskapsområda i matematikk 2P er knytte til kvardagen til kursdeltakerne, arbeidslivet og samfunnet. Kunnskapsområda dannar grunnlaget som kursdeltakerne treng for å utvikle matematisk forståing ved å utforske samanhengar innanfor og mellom dei matematiske kunnskapsområda.
Deltakerne skal gjennom opplæringen forberede seg og kvalifisere seg til teoretisk for å avlegge nødvendige eksamener i matematikk 2P og/eller for å oppnå generell studiekompetanse.
Læringsmål i matematikk 2P
Mål for opplæringa er at kursdeltakeren skal kunne
forklare og bruke prosent, prosentpoeng og vekstfaktor til modellering av praktiske situasjonar med digitale verktøy
utforske og forklare samanhengar mellom prisindeks, kroneverdi, reallønn, nominell lønn og brutto- og nettoinntekt
utforske strategiar for å løyse likningar, likningssystem og ulikskapar og argumentere for tenkjemåtane sine
vurdere val knytte til personleg økonomi og reflektere over konsekvensar av å ta opp lån og å bruke kredittkort
analysere og presentere funn i datasett frå lokalsamfunn og media
bruke og vurdere val av formålstenlege sentralmål og spreiingsmål for statistisk datamateriale
utforske og forklare korleis formlikskap, målestokk og eigenskapar ved geometriske figurar kan brukast i berekningar og i praktisk arbeid
Nettkurs:
Nettbasert undervisning som gjennomføres i sin helhet uten lærer til stede, via en digital plattform. For enkelte nettkurs blir du tilknyttet en veileder som kan gi tilbakemelding på skriftlige oppgaver.
Du må selv melde deg opp til skriftlig eksamen i 2P. MAT1015 er fagkoden du skal bruke når du melder deg opp via oppmeldingsportalen.
Skriftlig eksamen i 2P er sentralgitt, som betyr at eksamensdatoen bestemmes av Utdanningsdirektoratet. Eksamenstid i 2P er 5 timer og består av 2 deler. Del 1 er 2 timer og uten hjelpemidler. Del 2 er 3 timer og det er lov å benytte hjelpemidler som kalkulator, Excel, Geogebra, notater og bøker. Men hjelpemidler som kan benyttes til kommunikasjon er ikke lov. Se under Utdanningsdirektoratet for mer informasjon.
Matematikk 2P utgjør 84 årstimer, dette tilsvarer 20% studiebelastning i Lånekassen dersom du tar faget over ett semester. Du må minimum ha 50% studiebelastning pr. semester for å være støtteberettiget i Lånekassen. Se Lånekassen for mer informasjon.