Fagskoler

Fagskole Kontor-, salg- og serviceledelse

Kurs-id: 314988
Sted: Førde
Timetall: 315
Kursstart Info: 09.09.2019 - 25.06.2021
Klokkeslett: 09:00 - 15:00
Påmeldingsfrist:
Pris: kr 80000
Kontaktperson: Solveig Daae Kristiansen
E-post: solveig.kristiansen@aof.no
Mobil: 47605190
Status: Åpent for påmelding
Gå til påmelding

Informasjon

Krever NOKUT-godkjenning. Søknad sendes til NOKUT 1. mars. 
 
 
AOF Vestland planlegg oppstart av fagskule i Kontor-, sals- og serviceleiing i Sogn og Fjordane hausten 2019. 
 
MÅLGRUPPE
Fagskole i kontor-, sals-, og serviceleiing byggjer på fullført og bestått vidaregåande opplæring innan studieretning service og samferdsle eller tilsvarande. Arbeider du til dømes som butikk-, økonomi- eller kontormedarbeidar og har eit utvida ansvar, kan dette vera rette utdanninga for deg.
 
YRKESFUNKSJON OG YRKESKOMPETANSE
Hovudmålet med utdanningstilbodet er å utvikla reflekterte yrkesutøvarar med ein solid fagkompetanse, som er etterspurte i arbeidslivet. Fagskuleutdanninga er både yrkesretta og praksisrelatert. Gjennom studiet vil det verta lagt vekt på ei veksling mellom teori og praksiserfaringar for å synleggjera korleis desse heng saman.
Utdanninga imøtekjem behov frå offentleg og privat verksemd om tilsette med kontorfagleg kompetanse utover skule på vidaregåande nivå. Arbeidslivet møter stadig nye utfordringar og krav, og har kontinuerleg behov for styrkt kompetanse innanfor fagområda fagskuleutdanninga dekkjer. Studentane vil etter fullført fagskuleutdanning ha relevant og etterspurt kompetanse, og vil vera godt rusta til både noverande og framtidige oppgåver innan offentleg og privat verksemd.
Utdanninga skal gje deg mulegheit til utvikling mot ei leiarstilling, og gje deg kompetanse til å møta samfunnet og arbeidslivet sine framtidige behov og utfordringar. I tillegg gjer utdanninga deg eit godt grunnlag for livslang læring og kontinuerleg omstillingskompetanse.
 
Ved fullført studie får du 60 studiepoeng.
 
Målet med fagskulen er å utvikla deg som ein reflektert yrkesutøvar, med ein solid fagkompetanse som er etterspurt innan både offentleg og privat sektor.
Etter fullført utdanning kan du tiltre direkte i sentrale funksjonar innan fagområda for denne fagskuleutdanninga.
 
GJENNOMFØRING
Éin ettermiddag eller kveld per veke à 4 timar og nokre lørdagar à 6 timar (09:00–15:00) over fire semester (2 år), som tilsvarar normert studietid på eitt år.
Studiet inneheld fire teoriemne og eitt fordjupingsemne. Undervisninga er tilrettelagd slik at du som student kan vera i jobb i studietida. Opplæringa vert avslutta med ei fordjupingsoppgåve.
Læringsplattforma ACampus vert nytta i undervisninga (opplæring vil bli gitt). 
 
FINANSIERING
Studiet er godkjent for lån frå Lånekassen. Kostnaden er kroner 20.000,- per semester, totalt kroner 80.000,-. Materiell kjem i tillegg.
Det finst gode støtteordningar i dei fleste LO-forbund gjennom LO sitt Utdanningsfond.
Fagforbundet og Handel og Kontor (HK) har spesielle stipendordningar for sine medlemmer.
For medlemmer i HK Fagbevegelse (HK/AAF) er det eit eige kompetansefond.
Ta kontakt med di fagforeining for stipend til vidareutdanning.
 


Gå til påmelding
Del kurset på sosiale medier: